Måndag kveld tapte Fitjar-damene siste seriekampen sin for Kjøkkelvik 3, og enda dermed på 7. plass i årets 5. divisjon med sine 14 poeng.

Det starta bra i første omgang, med svært godt kontringsspel – takka vere gode redningar av Kristine Korsvik. Vidare utover i omgangen datt laget litt nedpå, og dei gjekk til pause fire mål bak Kjøkkelvik.

I pausen vart spelarane samde om å leggja seg ut i 5-1-forsvar, noko som gav gode resultat. Dei fire måla dei låg bak, blei henta inn på rekordtid. Men det blei tungt å spela med dette forsvaret, og etter kvart klarte Kjøkkelvik å dra nytte av dei store romma som kom av at Fitjar hadde ein spelar framme.

Mot slutten gjekk alt Kjøkkelvik sin veg. Kontringane som gjekk inn i første omgang, gjekk no stong ut, og i forsvar blei Fitjar-damene ståande bak på hælane. Derfor enda det med altfor mange enkle mål for Kjøkkelvik, og ingen for Fitjar, og eit klart tap til slutt.

Spelarane fortel at dei alt i alt var nøgde med kampen, sjølv om eit anna resultat ville vore meir ynskjeleg og på alle måtar mogleg.  – Kristin T. Dahl og Anna Clementsen er to av spelarane som bør vil trekkast fram etter kveldens kamp, blir det meldt til slutt i ein rapport frå laget.