Jenter8 i aksjon under årets handballfestival. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Har du lyst til å spela handball?

– Me har gleda av å invitera deg til ei trening der du får prøva lagidretten mange allereie elskar, melder handballgruppa i Fitjar IL.

Dei fortel at handball er utfordrande, spennande og kjekt.

– Handball er er ein lagidrett, som først og fremst handlar om å ha det gøy med venner, samtidig som man er i aktivitet. Me har lag for alt frå 1. klassingar, til hobbylaget for damer.

Les ogso: Hobbyhandball for alle.

Dei melder om at Fitjar IL har mange aldersgrupper, og at det er oppstart i veke 37.

– Er dette noko for deg, ta kontakt eller møt opp på ei trening(sjå tider lenger nede). Finner du ikkje aldersgruppa di, ta kontakt, og me ser kva me får til, avsluttar Liljan V. Waage, leiar i handballgruppa.

Ho kan nåast på tlf: 48002330, eller e-post: liljanv.waage@gmail.com

- Annonse -

Treningstidene (kan bli forandra):

Måndag:

16.00-17.00 3.-4.klasse gutar (minihåndball)

18.30-20.00 J13 7.-8.klasse (påmeldt serie)

Tysdag:

16.00-17.00 1.-2.klasse gutar og jenter (minihåndball)

19.00-20.30 9.-10. Klasse jenter (påmeldt serie)

20.30-22.00 Hobbydamer, for alle som vil spele litt handball i fritida

Onsdag:

15.00-16.30 J13 7.-8.klasse (påmeldt serie)

16.30-18.00 5.-7.klasse gutar og jenter

Torsdag:

16.00-17.00 J9 3.-4.klasse  (minihåndball)

18.30-20.00 J15 9.-10.klasse (påmeldt serie)

20.00-21.30 Damelaget (påmeldt serie)