Isabell Rydland scora fem mål, men det blei ikkje nok mot Gneist 2. Foto: Kjetil Rydland.

Femtenåringane til Fitjar hadde lenge taket på Gneist 2 under dagens jentekamp på heimebane, men det siste kvarteret rann måla inn, slik at gjestene vann så klart som 21–13.

Jentene våre tok leiinga frå start mot toarlaget til Gneist, og det såg lenge ut til at dei skulle dra i land ein etterlengta siger. Keeper Helene Børtveit varta opp med fleire gode redningar, og fitjarjentene klarte å halda seg eit hestehovud framfor gjestene i heile første omgang.

Heilt til me var komne vel fem minutt ut i andre omgang, var heimelaget fullt på høgd, på stillinga 9–9. Men etter kvart blei heimelaget sine spelarar meir slepphendte, og det hjelpte ikkje at keeper Helene Børtveit hadde fleire fine redningar. Siste kvarteret overtok Gneist 2 heilt, og kunne reisa heim med ein solid 21–13-siger i bagasjen.

Det blei berre eitt mål på Angelica T. Lundal denne gongen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag mot Gneist 2 (scoringar i parentes):
Helene Børtveit, Angelica T. Lundal (1), Isabell Fluge Rydland (5), Celina Bernes (1), Marie Korsvik (3), Sunniva Vik, Lovise Rimmereid (2), Elise de Fine Olsen og Nelly Børtveit (1).