Etter ein jamn kamp mot serieleiar Fyllingen III måtte Fitjar-damene til slutt sjå seg slått 22-24.

Damelaget møtte Fyllingen III til seriekamp i 5. divisjon søndag ettermiddag. Fyllingen som er serieleiar måtte reknast som klar favoritt, men damene viste ingen respekt for dei rutinerte bergensarane. Heile fyrste omgang låg Fitjar sine damer i føringa, og gjekk til pause med eitt måls leiing.

Fyllingen opna godt i andre omgang. Fitjar-forsvaret var pressa, og flyten i angrepsspelet vart borte ein periode. Siste halvdel av omgangen samla laget seg, og fekk til ein god sluttspurt. Når sluttsignalet gjekk, var leinga knappa ned til 2 mål.

Sjølv om det vart tap i dag, var laget nøgd med innsatsen.

Kristine Korsvik hadde ein god kamp i mål, medan spelande trenar Charlotte Solberg og Ingvild Rimmereid var dei beste utespelarane.

Laget til Fitjar (scoringar i parentes):

Kristine Korsvik (keeper)

Charlotte Solberg (11)

Bertha Myhre (1)

Kristin Tjessem Dahl

Ingvild Rimmereid (6)

Monica Våge Helland (2)

Maj Engevik (2)

Julie Jensen

Maria Larsen

The Pentagon Reportedly Spends 5 Times More on Viagra Than Transgender Services can you buy viagra online Fake Amazon, YouTube, Facebook Notifications Sell Viagra