Handballdamene til Fitjar IL måtte sjå Kjøkkelvik 3 stikka av garde med alle tre poenga i dagens seriekamp på heimebane.

Fitjar-damene heldt lenge bra følgje med motstandarane sine; i midten av første omgang var dei oppe i leiinga. Og ved pause låg dei under med berre eitt mål, 13-14.

Utover i andre omgang heldt dei bra følgje ei stund. Men mot slutten rakna rakna det for heimelaget, og til slutt stod det heile 31-24 til jentene frå Kjøkkelvik.

Målscorarar for Fitjar:
Randi Thorland 4
Ingvild Kannelønning 4
Maria Larsen 4
Miriam Almås 3
Marita Westerlund 3
Maj R. Engevik 3
Gunnhild Jonassen 3