Handballdamene knuste Kjøkkelvik med 11 mål sist helg, og på søndag møter dei Lindås i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Handballdamene ser ut til å ha fått ein god start på sesongen. Dei ligg på 3. plass på tabellen så langt, og søndag møter dei Lindås, som ligg på 4. plass. Det bør altså vera duka for ein jamn kamp i idrettshallen på Fitjar søndag kl 16.30.