Ein spent Roald Drønen møter kyrkjelyden. Foto: Torbjørn Hovland.

Og hans eigne tok umåteleg godt imot han, den nye soknepresten, Roald Drønen, som blei innsett til teneste i Fitjar kyrkje i dag.

Nærmare 300 soknebarn hadde funne vegen til kyrkja i dag, for å sjå Roald Drønen med prestekappa på. Og det blei retteleg ei festgudsteneste både for presten og kyrjelyden.

Egil Larsen leiar forbøna for den nye soknepresten. Foto: Torbjørn Hovland.

Mange kom nok for å helsa den populære presten velkommen attende til teneste hos oss. Kyrkja var nok ekstra full fordi fireåringane i Fitjar var spesielt inviterte til dagens festgudsteneste. Og ei lita jente blei boren til dåpen.

Sigrid Fangel las tilsetjingsbrevet frå Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug. Vikarprost for dagen, Egil Larsen, stod for innsetingsseremonien og leia forbøna for den nye soknepresten.

Mot slutten av gudstenesta fekk fireåringane koma fram og få fireårsboka: Mi kyrkjebok. Saman med Birgitte Drønen Brenne gjorde Roald og fireåringane utdelinga til ei sjarmerande stund, som vart avslutta med at heile gjengen song Eg er trygg hos deg.

Roald Drønen døyper vesle Thea Isdahl. Foto: Torbjørn Hovland.

Om laurdagen hadde dei fleste fireåringane vore med på kyrjevandring for å bli betre kjende med kyrkjehuset og dei som arbeider i kyrkja. Og det såg ut til at dei allereie hadde begynt å kjenna seg heime i kyrkja då dei kom for å henta boka si i dag.

Dagens gudsteneste blei avslutta med eit feiande flott postludium. Eit nytt prov på at kyrkja har fått eit praktfullt nytt orgel, og ein organist som veit å handtera det. Som vanleg braut det ut spontan applaus i benkeradene for prestasjonen til Jan Overweg.

Før folk våga seg ut i det variable haustvêret, baud Sigrid Fangel og Fitjar sokneråd på kyrkjepizza med kaffi og andre drikkevarer. Og mange nytta høvet til å helsa på den nye soknepresten og gi han gode ord på vegen.

Presten med eit knippe glade fireåringar. Foto: Torbjørn Hovland.