Administrerande direktør Ove Wilhelmsen i Wärtsilä Ship Design studerer ein av skipsteikningane som dei tilsette held på å jobbe med. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Frå basen på Stord har administrerande direktør i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen, skaffa selskapet storkontraktar både i aust og i vest.

– Eg trur eg har 150 reisedøger i året. Det må du helst ikkje skrive, i tilfelle kona les det, smilar Ove Wilhelmsen.

Han tek i mot Stord24 på hovudkontoret til Wärtsilä på Heiane ein av dagane han ikkje er på reisefot.

– Nei, eg reiser nok litt for mykje for tida.

Men han innser at den heftige reiseaktiviteten har vore heilt nødvendig for å skaffe kontraktar for miljøet på Heiane.

– Me ser at Norge blir ein for smal marknad. Det er for mange norske designarar, som gjer at me må dra nytte av nettopp det at me er eit internasjonalt konsern. Me har jo lokasjonar overalt, og då er det mykje mindre pes for oss å reise til dei landa enn mange av konkurrentane våre.

Har gått på store tap

Denne månaden slutta Wärtsilä Ship Design å operere som eige selskap. No inngår det som ein integrert del av Wärtsilä Norge. Dermed vil det ikkje lenger vere mogleg å sjå resultata isolert sett for skipsdesign-biten av selskapet.

For akkurat dette har ikkje vore noko gransbilete. Sidan oljekrisa i 2015 har selskapet tapt godt over 200 millionar kroner.

- Annonse -

– Har de måtte forsvare dykkar eige eksistensgrunnlag overfor Wärtsilä-konsernet i løpet av desse åra?

– Nei, det har aldri vore eit spørsmål. Dette er ei langsiktig investering som Wärtsilä har gjort, og det har aldri vore eit tema at dette er noko konsernet ikkje skal ha.

Det får Wilhelmsen til å trekkje fram omgrepet «systemintegrasjon».

– Det går på å tilby eit reiarlag ikkje berre teikning av ein båt, men også alt utstyret om bord. Bortimot 50 prosent av kostnaden på enkelte skipstypar er produkt som Wärtsilä kan selje. Så når ein designar har teikna inn utstyret og reiaren er nøgd, så er det ein veldig effektiv måte å selje på.

Det kan difor vere noko misvisande å sjå på dei store tapa til Wärtsilä Ship Design, då Wärtsilä-konsernet gjerne tener gode pengar i neste ledd. Wilhelmsen legg likevel ikkje skjul på at det ikkje er noko kjekk situasjon å ha tapt så mykje pengar i åra etter oljekrisa.

– Det er jo eit kontinuerleg press på at du skal tene pengar, vekse og bli større. Så det har me jo kjent på. Dei økonomiske resultata våre har jo ikkje kome tilbake så fort som me hadde håpa på. Det er klart at det har vore ei utfordring.

Skipsdesignarane på Heiane har nok prosjekt å jobbe med dei neste åra. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Mista mykje kompetanse

Historia til Wärtsilä Ship Design starta då det finske konsernet kjøpte Vik-Sandvik-konsernet i Fitjar i 2008, til svimlande 1,4 milliardar kroner. Men Sandvik-familien droppa fort planane om å trekkje seg tilbake. Fire år seinare starta dei Salt Ship Design, som gjekk i direkte konkurranse med verksemda dei hadde selt.

– Det var ganske mange som slutta her då Salt Ship Design blei etablert. Dei rekrutterte mykje folk herfrå, og det skjedde ganske rått og brutalt. Det skjedde berre sånn «poff». Det var sjølvsagt smertefullt for mange som jobba her i den perioden.

Etter kvart som åra har gått er det i følgje Wilhelmsen ikkje lenger noko vondt blod mellom dei to store skipsdesignar-miljøa på Stord.

– No har dette balansert seg. Av og til konkurrerer me med dei same kundane. Men veldig ofte så siktar me no mot ulike marknader. Salt Ship Design jobbar mykje med dei tunge personlege relasjonane dei hadde innanfor fiskebåt og offshore, som dei for så vidt tok med seg. Og me jobbar meir i Wärtsilä-nettverket.

– Så det er uproblematisk, og eg trur det er sunt for ein region å ha fleire bedrifter innan samme bransjeEin får eit samspel og eit miljø i den maritime klynga som gjer at Sunnhordland blir ein attraktiv region for skipsingeniørar, seier Wilhelmsen.

30 turar til Russland på tre år

Stordabuen er sikker på at Wärtsilä Ship Design no er inne i ein god steam. Han er ikkje i tvil om at dei no kan hauste fruktene frå alle reisedøgera han har hatt. Spesielt i Russland.

Wilhelmsen har nemleg hatt 30 turar til Russland dei siste tre åra. Det er nesten ein gong i månaden i snitt.

– Kvifor er Russland blitt ein så interessant marknad for dykk?

– Det handlar om at russarane gjorde eit val for fire år sidan, då Putin sjølv sa at den russiske fiskeflåten skal fornyast. Han ville bruke fiskerikvotane på å stimulere flåtefornyinga. Då vart det bestemt at alle som ville ha meir kvote, må bygge nye båtar. Det har trigga mykje fuzz i marknaden og på sikt vil det kome mange nybygg som følgje av dette. Her har me jobba for å posisjonere oss.

I denne utviklinga er det viktig med tålmod for å byggje opp relasjonar, seier Wilhelmsen. Ein må gjerne tenkje i eit 20 år langt perspektiv.

– Me ville gjere ein skikkeleg innsats, og så gav me oss tre år på å få til noko. No fekk me den første kontrakten etter to år og tre månadar, og det var ein av dei største kontraktane me har signert.

Kontrakten han viser til er på ein 121 meter lang gigant av ein fabrikktrålar for det russiske reiarlaget RK Lenina.

Hausten 2018 fekk Wärtsilä Ship Design sin første russiske kontrakt. Den 121 meter lang fabrikktrålar for det russiske leiarlaget RK Lenina er ein av dei største kontraktane Wärtsilä Ship Design har signert.

Møter mektige folk i Russland

Wilhelmsen legg ikkje skjul på at det å drive business i Russland byr på visse kulturelle utfordringar.

– Me får jo mykje hjelp frå dei lokale folka i Wärtsilä. Dei tar litt av brodden, og legg litt til rette for oss, og glattar over når me tråkkar i salaten, smiler han.

– Korleis tråkkar ein i salaten med ein russisk forretningmann?

– Nei, det er klart at nokre av desse folka har ein enorm status i Russland. Han me har jobba aller mest med for å vinne kontrakten i fjor, er Putin sin offisielle mann i Kamtsjatka-halvøya i Sibir. Då treff du eit nivå der det er ein viss etikette og kutyme for korleis du skal oppføre deg.

– Men alt det er no luka vekk, så han er me heilt inntil felgen på. No klappar me kvarandre på skuldera, og eg spør han kva tid han sist var på langrennstur. Han er ein veldig flott fyr, men ein tøff forretningsmann.

Må forsvare dei vestlege sanksjonane

Det er spesielt dei vestlege sanksjonane mot Russland som har vore den store utfordringa under samtale med mektige russiske forretningsfolk.

– Me blir jo veldig mykje spurt om korleis me stiller oss til dei vestlege sanksjonane mot Russland. Då er det viktig å skape eit rom for å ha dei diskusjonane. For sanksjonane er der, og me er nødt å respektere dei.

Sanksjonane gjer at selskapet ikkje får selje teknologi til russiske militære skip, og dei får ikkje gjere forretningar med enkeltpersonar i framtredande stillingar i Russland.

– Det gjer det veldig komplisert. Me kjem veldig fort inn i sanksjonsproblematikk, og me må manøvrere slik at me ikkje kjem i konflikt med sanksjonane. Då må du kunna ha ein seriøs dialog med kundane der ein forklarar korleis me jobbar. Du må kunne nok om det til at dei respekterer dei. Dei synest jo at det sanksjonane er veldig urettferdige, for i følgje dei har ikkje Russland gjort noko gale. Dei har berre teke Krim-halvøya tilbake, der det bur mange russarar. Det er deira utgangspunkt.

– Me treng ikkje seie at me er einige i det, men me må respektere deira syn. Då handlar det om å vere taktisk.

Wilhelmsen trur selskapet vil hauste stadig meir frukter frå dei 30 reisene han har hatt til nabolandet i aust.

– No er me inne med veldig mange reiarlag, og etter kvart som prosjekta kjem no, så trur eg me kjem til å ta ein betydeleg del av denne marknaden.

Gjennombrot også i Amerika

Men det er ikkje berre i Russland at Wilhelmsen sankar kontraktar. Nyleg teikna Wärtsilä Ship Design kontrakt på minst tre marinefartøy for den amerikanske marinen. Ein kontrakt som fort kan utvidast til minst åtte skip.

Wilhelmsen trur det vil vere store moglegheiter som kan opne seg i USA.

– Dei amerikanske verfta krevjer enormt mykje arbeid frå designarane, kanskje fem gonger så mykje som eit typisk europeisk verft. Når du har bevist at du kan det, så er du plutseleg på innsida. Når du då får levere til den amerikanske marinen, så finst det ikkje vanskelegare kundar i verda, tenkjer eg.

Slik blir dei tre amerikanske marinefartøya som Wärtsilä Ship Design på Stord skal teikne. Skisse: Gulf Island Shipyards LLC

Dermed trur Wilhelmsen at dei no har byrja å få fotfeste i den vanskelege amerikanske marknaden.

– No var me invitert over av fleire andre reiarlag for å snakke om installasjons- og serviceskip til offshore vindmølleparkar, nye offshoreskip, fiskebåtar og passasjerskip,  pluseleg opnar det seg ein ny marknad fordi du har bevist gjennom to-tre prosjekt at du meistrar den amerikanske byggjemåten. Så der trur eg me kan få mange prosjekt framover.

– Det blir ikkje problem for deg med alle dei russiske stempla du har i passet ditt når du skal i møte med den amerikanske marinen?

– Eg har jo reist mange gonger til USA, både som student og i jobbsamanheng. Men den siste gongen eg var der borte opplevde eg for første gong å bli teken til side i immigrasjonen og inn på eit seperat kontor. Då hadde eg eit heilt nytt pass, utan russiske stempel, så eg blei litt overraska. Dei spurte meg ikkje om Russland-kontakten. Men eg syntes det var rart at det skjedde rett etter den store innsatsen i Russland.

Kommunikasjonssjef Jane Jünger er ein god støttespelar å ha når gode nyhende skal kommuniserast ut til pressa. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Som ein stor familie

Ein del av jobben for stordabuen er med andre ord å manøvrere mellom kontraktar på kant med vestlege handelssanksjonar i Russland, og Trump sin stadig meir proteksjonistiske handelspolitikk i USA.

Då er det ein stor fordel å vere ein del av eit stort internasjonalt konsern.

– Det er jo vanvittig greitt når du er ute og reiser. Viss du vil hentar dei deg på flyplassen, dei tek deg med og byggjer opp relasjon til kundar. Dei kan alle dei lokale forholda. Uansett kor du vil reise så treff du alltid nokon som vil deg vel.

Han trur det hadde vore mogleg svært mykje vanskelegare å skaffe kontraktane i Russland dersom det ikkje hadde vore for at Wärtsilä allereie hadde hatt kontor i landet.

– Det er ikkje lett å byggje opp seg sjølv. Då må ein gjerne begynne med turistvisum og jobbe deg oppover. Men når me har kollegaer i Wärtsilä i Russland er det berre for dei å sende ein invitasjon til ambassaden, og så går det heilt av seg sjølv. Det gjer det veldig mykje enklare.

– Det høyres litt ut som ein floskel at me er ein stor familie, men me snakkar litt om det. Det er veldig mykje hjelpsamme folk. Og så du får mykje vener rundt om i verda. Det er stimulerande.