Jon Fredrik Hartvedt er no, i luftlinje, komen halvveges på sin sykkeltur mellom Nordkapp og Lindesnes.

Han overnatta i natt Brønnøysund som i luftlinje ligger midt i landet. 840 km til Nordkapp og 840 km til Lindesnes.

– Men nå skal eg jobba meg innover mot Trondheim, seier han.

Luftlinje er luftlinje. Reelt har Jon Fredrik no sykla 1500 km. Han fortel vidare at han fekk med seg 2. omgang av fotballkampen mellom Spania og Tyskland, og satsar no på å kunne sjå VM-finalen i Trondheim.