Etter utsendingsmøtet med val, under Årsmøtet på Fitjar, laurdag, er det klart at Halvard Wiik frå Fitjar er valt inn i styret til Indremisjonssamskipnaden.

Wiik var ein av seks kandidatar til styret, der det skulle veljast inn to. Den andre som vart valt, var Birgit Mørkve Hjelmeland, frå Kvinnherad, som vart attvalt til ein ny periode.

Harald Heie frå Tysnes vart attvalt som styreformann, og i tillegg sit desse i styret frå før: Ingvard Teigland (Kvam), Knut O. Dale (Odda), Bjørn Saghaug  (Stord) og Marit Lindekleiv ( Husnes.)  For tida permisjon)). Varafolk er : Iren Sævik Mæland (Bømlo), Edmund Thormodsæter (Halsnøy) og Torunn Tvedt (Ølensvåg).

Om utsendingsmøte elles er det å seia at det vart eintydige og gode tilbakemeldingar som gav stor tilslutning til Samskipnaden sin strategiplan, som har vore ute på høyring.

Visjonen denne planen konkretiserer er : Å byggje varme fellesskap, vinne nye for Jesus og gjere folk til Jesu disiplar.

Konkret nemner ein lokale tiltak som storfamiliesamlingar og smågrupper, involvera og engasjera nye menneske til oppgåver på bedehuset og i lokalmiljøet – og på ein aktiv måte hjelpa fram nådegåver og naturgåver slik at dei kan utviklast og bli brukt i Fellesskapet.