Onsdag 26. oktober får Fitjar vitjing av ein fargerik misjonær og forkynnar. Haugesundaren Halvard Hasseløy kjem til Fitjartun om kvelden.

-For dei som ikkje kjenner Halvard, så kan vi fortelle at han kjem frå Haugesund. Han vart kristen i vaksen alder og driv eit omfattande arbeid med menighetsplanting, nødhjelpsarbeid og rusomsorg i Ukraina. På møtet vert det teke opp ei gåve til dette arbeidet, skriv pastor Frank Håvik i  Menigheten Nytt Liv Sunnhordland som arrangerer møtet.

Hasseløy vart årets namn i Haugesund i 2010. Les om det i Haugesunds Avis.