Fitjar brannvesen har kort responstid, men det er viktig at me kjem oss ut før det er for seint. Arkivfoto Kjetil Rydland.

– Veit alle i familien kva dei skal gjera dersom brannalarmen går? Bruk haustferien til å halda brannøving!

Det er Tryg Forsikring og Sector Alarm som stiller spørsmålet i ei pressemelding, der dei oppmodar oss om å halda brannøving heime i haustferien.

Erfaringa viser at det er svært få som har tenkt gjennom kva dei skal gjera dersom det begynner å brenna i bustaden.

– Tal fra Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap viser at halvparten av landets barnefamiliar manglar ein plan for kven som gjer kva i tilfelle brann. Berre seks prosent har gjennomført brannøving, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg.

– Ei brannøving gir auka tryggleik. Prøv ulike rømmingsvegar, sjå om det er bruk for stigar eller liknande, og bli einige om kven som går først og sist, seier sikkerheitsekspert Inge Svendsen i Sector Alarm.

Selskapet får årleg inn over 100 000 brannalarmar til sentralen sin, og han erfarer at dei færraste har trent på kva dei skal gjera når alarmen går.

Både Tryg og Sector Alarm oppfordrar til å bruka nokre timar i haustferien til å halda brannøving.

– Det gir auka tryggleik og kan redda liv dersom det skulle begynna å brenna, seier Ole Irgens og Inge Svendsen.

Fakta om brann:
I 2018 omkom 39 personar i brann, medan 438 personar kom til skade. Norske forsikringsselskap betalte ut 3 milliardar kroner etter brannar i private heimar i fjor.

Inge Svendsen, sikkerheitsekspert i Sector Alarm