Håkonarspelet «Kongen med Gullhjelmen» vil òg markera seg skikkeleg i samband med 150 års-jubileet. Men då treng dei fleire aktørar.

Spelet vert sett opp 3. og 4. september, og  mykje  er nytt i spelet i år.

-Me skal denne gongen spela på utescene, i Moahagen. Dette gler me oss til. Nytt av året er óg at Paul Ottar Haga skal vera med som regissør og han skal spela konge. Bømlingen Brynjar Stautland skal spela Olmod på kongsgarden, fortel Bjørn Haaland, Torhild Andersen og Ann-Sofie Drønen i eit skriv om saka, og det fortset:

-Regissøren ser for seg ein del spanande endringar. Han vil til dømes ha mange fleire med, både må og store. Me  ser gjerne for oss familiar med vaksne og ungar saman. Me treng også unge menn/krigarar –og fleire korsongarar!

Me inviterer difor med dette endå fleire fitjarbuar til å ta del i den stordugnaden eit Håkonarspel eigentleg er. Me ber dei som kan tenkja seg å vera med om å ta kontakt med ein av oss tre som er nemnde ovanfor.  Dette blir kjempespanande og kjempekjekt!, heiter det.

Dei tre fortel vidare at dei skal ha ei samling med regissøren, Paul Ottar Haga,  allereie den 29. og 30. mai, og intensivveka startar med øving for dei fleste laurdag 28.august. Ein bør sjå for seg øving kvar dag i intensivveka som startar helga før spelet. Det vil likevel variere litt kor tid og kor mykje dei ulike aktørane skal delta. Øvingane vil gå føre seg i tidsrommet 17.00 til 22.00.

-Me vonar det er mogleg å formidla kor kjekt me har det når spelet vert gjennomført. Det er  både sosialt og meiningsfullt å vera saman om ei stor oppgåve,  som  det å setja opp eit historisk spel i heimbygda si, seier Bjørn Haaland, Torhild Andersen og Ann-Sofie Drønen, til slutt.