Det er ikkje utruleg etter at eit russisk filmteam var på plass i Moahagen i dag.

No var dei der rett nok ikkje der for å laga ein film om berre Håkonarspelet. Eigentleg er dei her for å laga ein film om russarar i utlandet, og i denne samanhengen Jelena Presthaug på Stord. Så lagar dei litt om Noreg og plassen ho bur på i tillegg.

– Ideen til å filma frå Håkonarspelet fekk dei då dei vitja Moster Amfi, fortel Arild Presthaug, mannen til Jelena.

Filmskaparane er ekteparet Igor Romanovskij og Emma Igaunis. Romanocskij er ein medieprofessor med svært lang fartstid. Han var mellom anna med i «Dagsrevyen» i gamle Sovjet. For 23 år sidan danna han, saman med Igaunis, som er produsent, det første uavhengige dokumentarfilmstudiet i Russland. Filmane dei lagar sel dei mellom anna til russiske TV-kanalar.

– Så denne filmen kjem på russisk TV?

– Ja, kanskje det, og kanskje òg på norsk TV, om dei er interessert, smiler Emma, medan Igor let kameraet følgja Paul Ottar Haga og instruksjonen hans.

Og så mykje fekk me med oss av instruksjonen i kveld, at me trur at me kan lova fitjarbuen eit Håkonarspel som vert meir levande enn nokon gong tidlegare.