I samband med 10 års-jubileet for Håkonarspelet har stiftinga Håkon den Gode – Fitjar laga ei heimeside der folk kan gjera seg kjende med sjølve spelet. Me som jobbar med Håkonarspelet vonar heimesidene kan vera til nytte både som ei kjelde for historieinteresserte unge, gamle og nye Fitjarbuar, men også som PR for bygda, fortel leiar i stiftiga, Bjørn Haaland, til Fitjarposten.no.

Treng du opplysningar om sjølve spelet, ønskjer du å kjøpa billettar eller ta kontakt med nokon i spelet finn du nyttig informasjon på den nye heimesida www.hakonarspelet.no.

Det er Stein Erik Gilje som har gjort hovudjobben med å få sidene opp og gå, og me synest sjølve at resultatet er blitt svært bra, seier Bjørn Haaland

Elles blir 10 års-jubileet for Håkonarspelet markert med Håkonarspel på Fitjar 12. og 13 oktober! Dette blir ei ny og spanande oppsetjing av "Kongen med gullhjelmen" i den nye teatersalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, lovar Bjørn Haaland.