Laurdag og søndag møtte om lag 50 håkonarspelarar i alle aldrar opp til inspirasjonssamling med årets regissør og konge, Paul Ottar Haga.

For mange var det gjensyn med den første kongen i Håkonarspelet vårt; Haga spelte Håkon den Gode her på Fitjar i premieren i 1997. Mange av dei lokale amatørane som var med den gongen, er klare til ny dyst i september. Blant desse er Martin Hatlevik som Torleiv lagmann og Sissel Jørgensen som Udna fiskreke.

Naturleg nok har det blitt meir utskifting i dei unge hovudrollene. I år er det 17 år gamle Johanne Fangel Brekke som skal spela kongsdottera Tora Håkonsdotter. Bjørn Svarte blir og spelt av ein lokal ungdom, 20 år gamle Theodor Drønen.

Ei av dei største rollene, Olmod årmann, kongen sin «bestyrar» på kongsgarden her på Fitjar, har alltid blitt spelt av lokale amatørar. Men i år blir det eit nytt ansikt å sjå; Brynjar Stautland frå Bømlo blir eit nytt og spennande innslag. Heilt ny er han rett nok ikkje for oss som har sett Mostraspelet. Der har han spela fleire av hovudrollene med stor suksess.

Helga blei brukt til leseprøvar på Rimbareid skule og synfaring i Moahagen, der spelet skal avviklast i år. Etter fleire sesongar med innandørs spel, blir det stilt store forventningar til eit nytt utespel i mørkret i Moahagen. Speledatoane er 3. og 4. september. Men før den tid må det gjerast ein god del dugnad for å gjera Moahagen klar til å ta imot vikingar og publikum.