Stiftinga Håkon den Gode lagar til basar til inntekt for Håkonarspelet. Basaren finn stad i Fitjartun onsdag 21. oktober klokka 18.30.

-Stiftinga legg opp til ein open, god, gamaldags basarkveld med humør og avslappa stemning.

Hovudinnhaldet er allsong, musikkinnslag og loddsal. Inntekta vil gå til Håkonarspelet, med tanke på eit nytt spel i samband med kommunejubileet til neste år.

Me vonar folk vil strøyma til Fitjartun denne kvelden, både gamle og unge. Me garanterer god stemning, flotte premiar, nydeleg kaffi og gode kaker!, seier Bjørn Haaland til fitjarposten.no.