Det nærmar seg «Håkonar-høgtid» i Fitjar. 18. juni er det 50 år sidan Håkonarminnet vart reist i parken i Fitjar sentrum.

Til ei slik høgtid gjeld det å ta seg best mogleg ut. Håkon den Gode bestemte seg for ein grundig storvask, og fekk Tormod Bergesen til å lauga seg skikkeleg.