Lars K. Vik med den nye boka om songane hans. Foto: Kjetil Rydland.

Den nybakte 70-åringen Håkon C. Hartvedt har på ingen måte lege på latsida dei godt og vel to åra som har gått sidan han gav nettavisa frå seg, og på Fitjarposten Forlag kjem det stadig nye bøker.

Fitjarposten Forlag lanserer eit stort hefte med songane til Lars K. Vik. Det tør vera kjent at den humørfylte og musikkglade pensjonisten i Vik har prega store delar av dei kristne musikklaga rundt om i landet med songane sine.

Det er Trygve Eiken og Ole Haukeland som sette i gang prosessen med dette noteheftet, og det er Håkon C. Hartvedt som har laga design og gitt ut heftet.

Noteheftet inneheld rundt 100 songar, noterte ned med notar og besifring. I tillegg inneheld det kortversjonar av historiene til Fitjarkvartetten, Fitjarbrørne, Fitjar Musikklag og Sunnhordlandsmusikken.

Heftet er i sal hos Lars K. Vik og Sunnbok på Stord. Det er òg å få tak i via Facebook-sida til Fitjarposten Forlag. Her har dei òg lagt ut noteheftet til Håkon C. Hartvedt sin CD «Hvile», notar med besifring.