I haust kjem redaktøren i Fitjarposten ut med bok om songevangelisten Konrad Landro.

Dette er den 11. boka han har skrive, fortel Håkon, etter debuten med andaktsboka «Bare et øyeblikk» i 1999. Tittelen på den nye boka er «Med trekkspill og bibel», og er ein biografi om evangelisten Konrad Landro. Dette er ikkje ein mann Håkon har kjent lenge, men han fekk spørsmålet frå Evangelistens forlag. Dei kjente til Håkon frå arbeidet i Dagen og frå boka han skreiv om misjonsmannen Mathias Vasvik frå Eigersund.

Konrad Landro blei fødd på Landro i Fjell kommune. Han var svært musikalsk og hadde god songrøyst, og spela ofte til dans med trekkspelet sitt. I 1940 blei han radikalt omvend, som 19-åring, og frå den dagen ble det ikkje meir dansemusikk. Han fekk kall frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund som ungdomsarbeidar og seinare reisesekretær. I 1971 fekk Landro kall til utgjevar av Bladet Evangelisten og som styrar i Evangelistens bokhandel i Kristiansand.

I biografien «Med trekkspill og bibel» lar Håkon lesaren koma nærmare innpå livet til den kjende songaren og forkynnaren. Me får høyra om oppveksten, familielivet, tenesta og kvardagen. Ein av dei første stadene Konrad Landro forkynte var Fitjar. Under Krigen var han her tre år på rad, og opplevde vekkelse. Håkon har fått med seg eit par morosame episodar frå desse besøka. Blant anna då han overnatta hos Solveig og Nils Fitjar på Reino, og smugrøykte på utedoen. Det enda at det tok fyr, og han måtte trakka i doen for å hindra brann. Til stor moro for Solveig på Reino, etter det me forstår … 

Denne siste boka til Håkon kom ut 31. oktober, og 5. november var han med på boklansering på Landro, i Fjell kommune. Her fekk han selt ein god del bøker, fortel han. Og fleire reknar han med det blir på Leirvik førstkomande torsdag. Då blir det kveldsope med noko attåt på SunnBok. Her vil òg Marit Stokken fortelja om den nye jule-CD-en ho har gitt ut saman med Irene Krokeide Alnes.

Elles gler Håkon seg til forfattarmønstring på Fjell folkeboksamling på Straume. Onsdag 27. november vil dei presentera 14 bøker frå regionen Sotra, Øygarden og Askøy. Håkon synest naturlegvis at det er stas å vera blant desse.