”So Hakkande Gale” er tittelen på årets sommarrevy i teltet ved Fitjar Fjordhotell. Og hakkande gale blei det på premieren fredag kveld, der eit opplagt revyensemble fekk stemninga nesten i taket i eit fullsett revytelt.

I år har våre lokale heltar fått med seg to tilreisande gamle kjenningar, Hans Morten Hansen og Øystein Kloster. I tillegg har dei fått med seg Toni Gundersen, ”ei feiande flott dama frå Stavanger”, som det heiter i programmet. Og feiande flott var ho og dei andre gjestene, men me synest nok våre lokale heltar var dei som innfridde mest.  Ole Bergesen, Henning Wichmann og Terje Træet skuffa ikkje denne gongen heller. Med mykje gammalt, som publikum kjende att, og ein del nytt, blei det ei fin forestilling med harmlaus moro. 

Dei kom godt i gang med eit nytt innslag om Agnar Aarskog, som har vore ordførar i Fitjar heilt sidan sommarrevyen i teltet begynte for 8 år sidan. I år er første gongen dei arrangerer revy utan Agnar som ordførar, og det blei markert med ein velfortent hyllest. I byrjinga relativt nøkternt, men etter kvar tok det heilt av – han fekk æra for norsk siger i Melodi Grand Prix og 15 OL-gull, før han til slutt blei æra for innsatsen sin i 2. verdskrigen. I kjent stil gjekk det over stokk og stein, til stor moro for publikum, og for hovudpersonen sjølv. Ein annan politikar som fekk gjennomgå, til stor glede både publikum – og for han sjølv – var leiaren i Fitjar Framstegsparti. Det var så likt at ”sjølv mor mi hadde teke feil”, som hovudpersonen sa sjølv.  

Henning Wichmann skuffa ikkje i innslaget sitt frå Hotel Plaza i Oslo. Ordspela og dei meir eller mindre usannsynlege historiene frå Oslo slo godt an, slik det plar gjera når Henning er i sitt ess. Terje Træet som kommunelege slo og som vanleg godt an. Det same gjorde Ole Bergesen som fitjarbu fødd og oppvaksen i Ivarsøyo. Passeleg arrogant, klønete og heimealen.  

Av dei andre nye innslaga, synest me innslaget om NOKAS var artig. ”Me skulle plukka pengar i Stavanger – men endte opp på berre vann og brød” – fritt omskrive etter Vestlandsfanden ”Plommer i Hardanger”. Her var Toni Gundersen myndig dommar, og Ole Bergesen kledde lusekofta. Men alt kler jo den smukke …   

Det var ein letta hotellsjef, Ronald Hareide, som kunne takka dei medverkande for ei prikkfri framsyning. Han har tydelegvis eit program som gjer at han kan sjå sommaren lyst i møte. Ikkje minst takka vere sikre musikantar: Gunnar Bjelland, Ole Rasmus Hjelle, Frode Kvandal og Jan Evald Kleppe bidrar til å gi arrangementet eit gjennomført profesjonelt preg.  

Me har opplevd stemninga endå høgare i revyteltet før, men dei vil nok nå nye høgder utover sommaren. Det er ingen grunn for publikum – lokale eller tilreisande – til å halda seg vekke. Sommarstemninga er nok sikra.