Det var godt frammøte då Hageselskapet hadde hagevandring i rhododendron-hagen hos Reidun og Hans Johansen onsdag ettermiddag. Dei frammøtte var svært begeistra  for å sjå den frodige hagen.

Meir enn 50 personar møtte fram då det var tillyst hagevandring i hagen hos Reidun og Hans Johansen på Helland. Hagen er bygd opp over mange år og har eit rikhaldig blomeutval. I tillegg til det rike blomeutvalet er og den opphavlege naturen teke vare på. Der det er naturleg er berget reinsa og kjem fram i dagen. Hagen inneheld eit rikt mangfald av rhododendron, både svært skjeldne og meir vanleg sortar. Spesielt om våren under bløminga, er blomane eit fantastisk syn.

Hans Johansen viste rundt i hagen og fortalde om opphav til mange av dei forskjellige sortane. Det var og avsett tid til kaffi og mat; samt utlodning av planter og hagereiskap.

Som ein takk for å få kome på besøk i hagen, overrekte leiaren for Hageselskapet boken ”Fitjar 150 år” til Hans Johansen og gav uttrykk for at det hadde vore ein kjempeflott kveld.