Gnagsår og andre sår har begynt å forsvinna etter HaFo-cupen i Fitjar kultur- og idrettsbygg, men ikkje minnet om ei strålande helg!

Siste helga i august avvikla handballgruppa i Fitjar IL HaFo Cup i Fitjar for første gong. Alle 4.- – 10.-klassane i Fitjar kommune blei inviterte til å delta i ei turnering der ein spela fotball i ein omgang, og deretter ein omgang med handball.

Fredag kveld var ungdomsskuleelevane «i elden». Det var meldt på fem lag frå 8. til 10. klasse, og det var stor spenning i hallen då kampane kom i gang.  Fleire hadde spelt både handball og fotball tidlegare, medan enkelte andre var nye «i gamet».  Men iveren var stor blant spelarane, og det var imponerande å sjå kor flinke dei var trass i at dette var nytt for mange. Det blei 9.-klassen som stakk av med sigeren i ungdomsskuleklassen etter hard kamp med 10.-klassen i finalen.

Det var mange påmeldte laurdag òg, så første kampen gjekk alt klokka 8 om morgonen. 4.- og 5.-klassane spela mot kvarandre først på dagen, og etter finalen deira var det 6.- og 7.-klassane sin tur. Litt etter litt fyltest hallen, og det vart ein flott dag med mange spelarar på banen, og mange på tribunen. 

– Det var spesielt kjekt at så mange foreldre og andre kom og såg på, seier leiar i handballgruppa, Charlotte Solberg – det skapte ekstra stemning i hallen.

Ute i foajeen var det kiosk, og mange nytta høvet til å kjøpa pølse, kake, vaflar og pizzasnurrar, noko som gav ei god inntekt til handballen si klubbkasse. Etter finalane var det klasse 5A og klasse 6A 1 som stod igjen som vinnarar i kvar sin pulje.

Laurdagen blei avslutta med diskotek. Første del av kvelden for dei mellom 4. og 6. klasse, og deretter for ungdomsskulen. Det var 50 – 60 på kvart av diskoteka, så dette var tydeleg eit populært tiltak. Charlotte Solberg fortel at alt gjekk fint for seg, ungdomane svinga seg og prata, og det var lett å vera vakt i hallen den kvelden.

Charlotte Solberg, og resten av handballstyret, er svært nøgde med helga. Det som gler mest er at så mange deltok, og at mange denne helga har fått augo opp for at handball er ein fin idrett.

– I ettertid har fleire foreldre meldt seg for å vera med i støtteapparatet dersom det blir lag for deira born, fortel Charlotte Solberg, og med denne cupen har me truleg sikra rekrutteringa til eitt av laga som er meldt på i serien.

Ho oppfordrar og foreldre og andre til å koma i hallen og heia på Fitjar-laga når serien kjem i gang. Første høvet til dette er laurdag 7. september.