– Etter mange timar med dugnad vart nye infotavler med kart og turforslag innteikna, montert opp på fleira av utfartstadane til fjellet på øya. Då er det sørgjeleg at nokon finn det for godt å driva hærverk, sier ein hovudrystande Toralv Røen i Stord Fitjar turlag til fitjarposten.no.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar som går på kor greitt det er å finna turforslag ut frå der desse tavlene er oppsett. Det er difor trist at det er nokon som har gleda av å øydeleggja og driva hærverk, slik dei har gjort på tavla på Dalshaugane, seier Røen og legg til:

Dersom dei som har gjort dette, fortsett har tiltakslyst og tid til overs, er dei velkomne til å vera med å få retta opp skadane dei har utført.

Om det som har gjort hærverket vågar det, vil det vera mannsleg, seier me.