Uvedkommande har stukke av med nøklane til Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Fitjar kultur- og idrettsbygg operer med frivillige tilynsvakter. Desse har tilgang til ein nøkkelboks på utsida av bygget for å komma seg inn og ha vaktene sine. Frivilligsentralen koordinerer denne ordninga.
No fortel dagleg leiar ved Fitjar frivilligsentral Ellinor A. Bergesen at nøklane er forsvunne.

– Nøkkelboksen er øydelagt, og nøklane er på ville vegar. Dette er berre trist, men vi har eit lite håp om å få nøklane tilbake, seier Bergesen, som håpar på at tjuven eller tjuvane angrar.
– Om nokon angrar på å ha tatt nøklane kan dei leverast anonymt attende til meg, eller dagleg leiar på FKIB Ole Bergsen, seier Ellinor Bergesen.
Ikkje første gongen
Dette er 3.gong nøkkelboksen er blitt øydelagt.
– Vaktene er avhengige av nøklane for å låsa opp garderobar, idrettshall og andre viktige rom. Fitjar kultur- og idrettsbygg er husrom for eit stort og viktig fritidstilbod i Fitjar, og vi ønskjer så inderleg at ting skal kunne få lov til å vera i fred, utan at nokon øydelegg denne moglegheita for oss. Spesielt i denne litt spesielle tida med pandemi som herjar verda, seier den triste daglege leiaren.
Bergesen fortel at dei kjem til å halda eit ekstra uge med huset framover.
– Vi ønskjer ikkje uvedkommande inn i bygget og gjer samstundes merksam på at forholdsreglar er tatt, så det er lite interessante verdiar å henta her no. Forholda er meldt i dag, fredag. Hærverket har skjedd mellom tysdag kveld og torsdag morgon, avsluttar Bergesen, som ber om tips frå publikum.