På garden Tislevoll opplevde dei under lemminga at ein sau hadde to kull. – Det kan skje ein sjeldan gong i følgje veterinær Johannes Slettebø.

Lise Katrine og Kjetil Grimen fortel: – Me har ein god flokk med villsauer, og for tida er det full lemming, så me går rundar i flokken fleire gonger om dagen for å sjekke om det er kome nye lam.

Første påskedag kom me over ein sau som hadde fått to vêrlam 30.mars i år, men denne dagen gjekk ho med fire lam med seg, sine to vêrlam pluss to små sauelam. Alle fire drakk av spenane hennar.

Me prøvde å finne ei forklaring på dette. Kunne ein annan sau ha døydd, at ho hadde tatt over ansvaret? Men nei, alle sauene våre var her, og ingen mangla lamma sine. Me fann ut at me måtte til å telje lamma òg.

Talet på lam skulle vere 41, men no hadde me 43. Så neste forklaring me kom fram til måtte vere at sauen har fått eit kull til med lam. Tre og ei halv veke sidan forrige gong. Fleire har sagt dei ikkje trur det, men bestefar Ingolf Strand seier han har opplevd det på sine sauer, og i dag fekk me stadfesta av veterinær Johannes Slettebø at dette kan skje ein sjeldan gong, og at det i dette tilfellet så er det nok det som har skjedd.

Til slutt må me leggje til at me i sist veke reagerte på at me synes ho fortsatt var ganske dryg, sjølv om ho allereie hadde fått lam. No har me fått forklaring på det, skriv Lise Katrine og Kjetil.