På førehandsrøystene som utgjer mellom 10 og 15 prosent av dei røysteføre i Fitjar, går KrF og Høgre fram med to mandat kvar.

Det vil seie om det hadde blitt valresultatet.

Kanskje syner tala likevel ein tendens? Det skal bli spennande å sjå.

Elles ser det ut for at det tek si tid med teljinga. Så kl 23.00 var nok noko optimistisk. Det går nok litt lenger tid før me veit fitjarresultatet.

Sjå resultatet av førehandsrøystinga her.