Gutelaget i fotball er eitt skritt nærmare krinsmeisterskapen i fotball etter siger i ein høgdramatisk kamp på kunstgraset søndag ettermiddag.

Gutelaget til Fitjar IL i 16-årsklassen har hatt ein ny, god sesong, og vann puljen sin med klar margin. Som ein av 10 puljevinnarar i Hordaland Fotballkrins er dei med i eit cup-sluttspel om KM-tittelen.

Søndag ettermiddag møtte dei Djerv frå Bergen i den første kampen mot finalen. Sluttresultatet blei 4-3 etter ein høgdramatisk kamp. Ikkje overraskande viste Djerv seg å vera eit godt lag, og dei tok leiinga 1-0 i første omgang. Dei såg ut til å gå til pause med leiing då Brynjar T. Engelsen scora på eit kjempeskot heilt på slutten av omgangen.

Fitjar-gutane såg ut til å ha avgjort kampen eit stykke ut i andre omgang då dei hadde gått opp til 2-1 ved Leif Tore Aarland og 3-1 ved Øyvind Fykse Lie. Men når ein møter betre lag enn ein er van med i det daglege, blir ein ofte straffa hardare for småfeil. Dette viste seg også i dag, og før me visste ordet av det, hadde Djerv gått opp til 2-3 og 3-3.

Siste halvdel av andre omgang blei derfor meir spennande enn eit talrikt publikum likte. Kampen blei avgjort nokre minutt før slutt av Øyvind Fykse Lie. Han tverrvendte vel 30 meter frå Djerv-målet og sendte i veg eit skot som fekk ein perfekt boge over både Djerv-forsvaret og keeperen deira. Ein kjempeprestasjon!

Med dagens 4-3-siger er Fitjar klar for kamp mot Nest Sotra på vegen mot KM-tittelen.