I ein frisk gutekamp på grasbanen tysdag kveld halte Fitjar-gutane i land sigeren.

I det fine solskinet tysdag kveld innbaud den flotte grasmatta i Fitjar Idrettpark til festfotball, og det var ikkje dårleg det gutane hadde å varta opp med.

Rett nok fekk dei 0-1 imot seg før det var gått 2 minutt. Men 5 minutt seinare gjekk Øyvind Fykse Lie gjennom heile Vossa-forsvaret før han plasserte ballen til side for keeper og i mål. Og få minutt seinare gjekk Fitjar opp til 2-1 etter indirekte frispark for tilbakespel til keeper. Mads Helland fekk ballen frå Øyvind Fykse Lie og skaut hardt og velplassert nede ved stolperota. At frisparket var noko billig, er ei anna sak.

Andre omgang begynte om lag som den første, med scoring før me hadde fått sukk for oss. Men denne gongen var det rette vegen. Mads Brakedal tok ballen elegant med seg og la den oppe i vinkelen, utan sjanse for Vossa-keeperen. Då Mads Helland og Øyvind Fykse Lie hadde lagt på til 4-2 og 5-2 midt i 2. omgang rekna dei fleste med at kampen var avgjort. Men vossingane gav seg ikkje, og eit par minutt før slutt reduserte dei til 4-5. Likevel greidde Fitjar å ri av stormen, og drog i land sigeren.

Tomålsscorarane Øyvind Fykse Lie og Mads Helland viste nok mest igjen i dagens kamp, men heile laget skal ha ros for god innsats.