Gutelaget til Fitjar vann stort over Njardar/Tysnes på kunstgraset torsdag kveld.

Fitjar-gutane fekk mykje lettare spel mot serieleiarane Njardar/Tysnes enn dei hadde venta. Det var tydeleg at laget frå Tysnes var svekt sidan sist dei møtte Fitjar.

Heimelaget gjekk rett i angrep, og kom til den eine målsjansen etter den andre. I store periodar av kampen var det berre eitt lag på banen. Me noterte fine sjansar for Alejandro Rojo, Eirik Hovland og Mats Westvik. Og ikkje minst eit flott skot i tverrliggjaren av Rolf Solli frå 20 meters hald.

Effektiviteten til Fitjar-angriparane stod ikkje i stil med dominansen på midtbanen, der Johannes Myhre herja saman med Luka Vucenovic og nemnde Rolf Solli. Då kampen gjekk mot 40 minutt, og det nærma seg pause på 0-0, greidde endeleg venstreback Sander Thomassen å få ballen forbi gjestene sin keeper.

I andre omgang kom forskjellen på laga meir til sin rett. Mats Westvik scora tre fine mål, det finaste av dei gjekk i ein stor boge frå 16-meteren og i det lengste hjørnet bak Njardar/Tysnes-keeperen. Like fint var målet som Johannes Myhre scora. Han sprang gjennom gjestene sitt forsvar frå midtbanen, og blei spelt perfekt gjennom av Rolf Solli. Dermed kom han i stor fart mot keeper og scora sikkert.

Også Martin Pedersen og Nicolai Tufteland kom på scoringslista denne vakre kvelden, som blei veldig kald då sola gjekk ned. Det siste som skjedde var at Njardar/Tysnes fekk eit trøystemål etter corner. Men 7-1 øydela ikkje inntrykket av ein kamp der Fitjar-gutane hadde full kontroll.

Etter kveldens siger gjekk Fitjar forbi Njardar/Tysnes og heilt til topps på tabellen for G16 3. divisjon Hordaland.   

Ingressbilete: Fitjar hadde ingen problem med Njardar/Tysnes i seriekampen torsdag kveld, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut her. Foto: Kjetil Rydland.