Stø kartlesing og god kollektivtransport gjorde at både laget og supporterane fann fram til kampane. Foto: Kjetil Rydland.

Gutelaget tapte dagens 8-delsfinale mot Slottskogen/Godhem frå Gøteborg med 0-2.

 

Etter ein storkamp med stor innsats og godt spel kjem det ofte eit lite antiklimaks i neste kamp. Det har skjedd med store lag ute i den store verda, og i dag skjedde det med gutelaget til Fitjar. Dei var nok ikkje ferdige med å slikka alle sår då dei entra banen kl. 08.00 fredag morgon til 8-delsfinale mot «heimelaget» Slottskogen/Godhem. Ein skadd Øyvind Fykse Lie måtte sjå kampen frå sidelinja, og ganske snart måtte Leif Tore Aarland hinka av banen.

Likevel burde ikkje Fitjar ha vore sjanselause, men kjappe svenske angriparar tok Fitjar-gutane på senga, og scora 1-0 tidleg i 1. omgang. Svenskane hadde nok det meste av spel og sjansar kampen sett under eitt, og det var ikkje tilfeldig at det var dei som scora i andre omgang òg. 2-0 gir eit greitt bilde av kampen, sjølv om Fitjar absolutt hadde sine målsjansar. Men denne gongen nådde dei ikkje heilt i mål, bokstaveleg talt.

No er det berre å nytta siste dagen til shopping og sightseeing, og til å slikka sine sår. Trenarane Rune Brakedal og Ketil Fykse seier seg middels fornøgde med den sportslege innsatsen. Marginane var ikkje på Fitjar si side. Engelskmennene Charterhouse School, som tok plassen «vår» i A-sluttspelet kunne med litt klaff ha komme seg eit stykke vidare. Det viser at Fitjar òg held eit bra sportsleg nivå. Og skader øydela nok sjansen til å gå vidare i dagens 8-delsfinale.

Når det gjeld det sosiale, er ingen middels fornøgde. Både trenarar og spelarar melder om eit strålande opphald i Gøteborg. Og i morgon tidleg ber det heimover i minibussen til Trott, med oppmann Magne Vestbøstad ved roret.

Kampoversikt for Gothia Cup kan du sjå her:

http://spelprogram.gothiacup.se/index.php/klass?ID=2

Stø kartlesing og god kollektivtransport gjorde at både laget og supporterane fann fram til kampane. Foto: Kjetil Rydland.