Gutelaget i 13-årsklassen tapte kveldens kamp om kretsmeisterskapen.

Etter ein strålande haustsesong utan tap møtte 13-årslaget til Fitjar gutar frå Loddefjord i ruskavêret i kveld. Med siger ville dei gått vidare til kamp mot Fyllingsdalen om KM-tittelen.

Det såg lenge lyst ut for Fitjar-gutane, som hadde størsteparten av banespelet i andre omgang, etter at gjestene hadde vore eit strå kvassare før pausen. Heimelaget hadde dei fleste sjansane, men i løpet av dei siste fem minutta scora gjestene to mål, begge etter feil i Fitjar-forsvaret.

Dermed kunne høgrøysta bergensarar jubla for siger, medan slukøyra Fitjar-gutar måtte innsjå at KM-titelen gjekk fløyten. Men etter at gutane hadde fått tenkt seg om, hadde dei rista vonbrotet av seg. Då me fekk snakka med dei, var dei rimeleg fornøgde med ein solid haustssesong utan tap i serien.

Dette kan også oppmann Sonja Fitjar Waage stadfesta. Sesongen har vore god både sportsleg og sosialt, seier Sonja på vegner av leiarteamet rundt laget. Stemninga i laget og treningsframmøtet har vore upåklageleg, ofte med 19 gutar på trening.

Fitjar sitt lag i G13:
Jacob Mehammer, Torstein Raunholm Kjelling, Brede Hovland, Svein Arne Raunholm, Marius H. Storebø, Fredrik Vik, Jonas Aleksandersen, Arild Fitjar Waage, Kristian Prestbø, Markus Helland Tislevoll, André Lønning, Daniel Skarpnes, Markus Gerhardsen, Børge Skår, Marius H. Strand, Daniel Rolfsnes, Øyvind Rydland, Jonas M. Moldskred.