Gutelaget halte i land ein fortent 4-3-siger mot Askøy i seriekampen torsdag kveld.

Både Mads og Mats hadde ein god kveld på Fitjar-graset torsdag kveld. Heile tre scoringar blei det på Mads Helland, medan Mats Brakedal fekk eitt mål. Alle scoringane var gode prestasjonar som gjorde det kjekt å vera foreldre og andre interesserte på tribunen. Og det var ikkje få som hadde funne vegen til Fitjar Idrettspark denne litt kulsige maikvelden.

Mads Helland markerte seg tidleg med ei flott scoring, og etter at Fitjar hadde gått opp til 3-1 midt i første omgang, såg det ut som om kampen var avgjort. Men då «sovna» Fitjar-gutane litt. Trenarane Rune Brakedal og Ketil Fykse speida ei stund forgjeves etter det flotte spelet frå starten av kampen. Og i omgangens siste sekund, reduserte Askøy til 2-3.

Men nærmare kom ikkje Askøy. Midt i 2. omgang scora Mads Helland på nytt. Med 2-4 imot blei det vanskeleg for Askøy. Rett nok reduserte dei til 3-4 på straffespark, men Fitjar-gutane reid stormen av og kunne innkassera 3 nye poeng.

På eit solid Fitjar-lag kunne me ikkje unngå å leggja merke til målscorarane Mads og Mats. Men som vanleg spela Øyvind Fykse Lie ein god kamp. Og ikkje minst ein veldig frisk Kjell André Thorland ved sida av Øyvind på midtbanen.