Gunn Siglen si marsipankake gjekk heilt til topps i kakekonkurransen under Fitjarfestivalen i år. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Det var berre fem kaker med i konkurransen i år, men flotte var dei alle.  Og det var altså Gunn si kake som hausta mest lovord hos domarane. 

Gunn Siglen med marsipankaka og vinnarpremien, eit fat laga av Alma Kjærland. Foto: Håkon C. Hartvedt

På 2.plass kom Mette Haldorsen med ei nydeleg dekorert ostekake, medan tredjeplassen gjekk til Unni Strand som hadde laga ei svært kreativ karamellkake.

Me må òg trekkje fram 9 år gamle Tomine Haldorsen Helland (biletet ovanfor). Ho kom ikkje mellom dei tre beste, men det er imponerande av ein 9-åring å lage ei slik flott og god kake. Foto: Håkon C. Hartvedt