Komande torsdag vert det på ny temakveld i Fitjar kyrkje. Denne gongen vert det foredrag ved den populære  kunsthistorikaren Gunnar Danbolt, kjend som ein engasjert professor og som ein uvanleg fin formidlar.

Mange er imponerte over korleis han får kunstverk frå kyrkjer og galleri rundt om i verda til å verka levande og verkelege sjølv når formidlinga hans skjer via radio, som i det populære programmet Kunstreisen. Danbolt har då òg motteke Meltzers Høyskolefonds Forsknings – og Formidlingspris.

Temaet denne kvelden er kunsten i kyrkja, og både fitjar- og stordabuar bør nytta sjansen til å få eit innblikk i kunstuttrykk som mange av oss ser utan å reflektera så mykje over den historiske og kunstnariske verdien. Gunnar Danbolt ( f. 1940), er professor i europeisk kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, og han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om måleri og skulptur frå antikken, mellomalderen og renessansen – og om moderne kunst, kunstteori, kunsthandverk og barnekultur.