Dei fleste artistane under sirkus Arnado si førestelling på Heiane måndag kveld heldt høg fagleg kvalitet.  Men mest imponerande var nok gummimannen, Araz Hamzayev.

Hamzayev vrir mellom anna armane sine rundt 360 grader. Det var nesten ekkelt å sjå korleis han inntok dei mest utrulege positurar og stillingar. Det var òg nervepirrande å sjå trio Pasieka sine balansekunstar. Imponerande korleis ein mann greier å halda stonga i likevekt medan to damer gjer balansekunstar høgt til vêrs. Sirkuset sine sjonglørar hadde godt publikumstekke og greidde å få med seg publikum både med flott sjonglering og høgt tempo.

Klovnar må alle sirkus ha, og klovnane både starta showet og underheldt i pausen. Dei var òg å sjå mellom dei ulike artistane sine innslag. Her var det musikk og humor som fengde både store og små.

Sirkus Arnado er Noregs eldste sirkus og nyttar stadig tradisjonelle kostyme og orkestermusikk. Likeiens dyr. Denne gongen hadde dei mange nye dyr av ulike rasar. Her var ein ekte gribb på 45 år. Den imponerte med eit vingespenn på nesten tre meter. Duer, papegøyar, hundar, høns, ender og kattar var til stor glede for publikum, med sine ulike triks. Den prisvinnande toppartisten, Elvis Errani, imponerte òg stort med sitt elefantshow.