Vår eminente skeiseløpar Onar Westerheim leia etter første dag og følgde opp med to gode løp i går. Eit feilskjer på 1000 m gjorde at gullet glapp.
– Onar greidde ikkje å ta igjen det tapte på 3000 m, men var berre 0,3 poeng frå gull. Det var spaning til siste par var i mål, fortel Elise Aarbø i Inzell til fitjarposten.no.
Uansett ein super prestasjon.
– At ein fitjarbu vinn sølv i eit offisielt verdsmeisterskap på skeiser er berre fantastisk, spør du oss.
Onar hadde desse tidene i VM:
500 m: 43.8, 1500 m: 2.14.2, 1000 m: 1.27.6 og 3000 m: 4.41.6.