På loppemarknaden til Fitjar Skulekorps i går var det fleire gullegg, og åtvaringa me fekk på veg inn i Fitjar kultur-og idrettsbygg viste seg heldigvis ikkje å stemma.

Laurdag føremiddag trekte Fitjar Skulekorps fullt hus då dei bad inn til loppemarknad. Folk strøymde til frå fjern og nær – det vil seia Fitjar og Stord – for å sjå om dei kunne finna eit og anna gullegg i den store loppesamlinga i Kultursalen. Dei som ikkje fann noko spanande, nytta høvet til å eta laurdagsgrauten og sløkkja kaffitørsten i vestibylen.

Dei ivrigaste bak dagens loppemarknad er Inger Elin Helland og Kari K. Prestbø, og i fjor fekk dei skulekorpset til å ta opp att ein gammal tradisjon frå 1990-talet. Sistnemnde fortel til Fitjarposten at folk har vore flinke til å koma med lopper. Noko med kan konstatera med sjølvsyn, og kjøpelysta er stor, sjølv om ikkje alle varene er like kurante.

Kari K. Prestbø vonar dei har etablert tradisjonen på nytt no, sidan dette er andre gongen. Til neste år vil det vera tredje gongen på rad, og då er det tradisjon igjen. Loppemarknad og gjenbruk er inn i tida, seier Kari, og ho gler seg over at det kom så mykje folk, både frå Fitjar og Stord, og at dei legg igjen pengar til eit godt formål.

Heile kultursalen er full av varer til kundevenlege prisar. Tom Rydland freistar med alt i herrekonfeksjon, sjølv om han nok overdriv litt. Her er ski og skeiser, barneklede, møblar, bøker, kjøkenutstyr, vesker, lysestakar og annan pynt i messing, elektriske artiklar og mykje anna. For den som har god tid, er det råd å finna gullegget, skulle me tru.

I andre høgda er dei unge musikantane i skulekorpset i full gang med å øva til Bømlobåsen 2014, som går av stabelen i Bømlo kulturhus laurdag 18. oktober.

Ingressbilete: Mathilde Øien Kloster på 10 år var blant dei heldige som fann fleire gullegg på loppemarknaden, både veske, vifte, syskrin og glansbilde. Foto: Kjetil Rydland.