Eit eldre ektepar fekk som gullbryllupsgåve hos borna sine eit opphald på hotell i byen ei helg. Då dei var komne heim att, ville naboane vita korleis dei hadde hatt det.
– Jo, sa mannen, me budde på eit luksushotell og hadde det som grevar.
– Kva slags hotell budde de på då?
– Ja, kva var no namnet då? Nemn ein potetsort. Naboen rekna opp: Kerspink?
– Nei, da var det ikkje.
– Pimpernell, då?
– Nei, ikkje det heller.
– Beate då?
– Ja, det var det!
Så snudde han seg til kona, og sa:
– Du, Beate, kva heiter hotellet me låg på?