Mariann kjempa seg forbi amerikanske Tatyana Mc Fadden på oppløpssida og tok gull på sprinten i Sotsji i dag. 

Etter å ha vunne sitt ehat i semifinalen, låg Fitjarjenta  lenge som nummer fire i finalen og såg ut til å kunne bli «låst inne». Men på oppløpssida kjempe ho seg til slutt dei naudsynte millimetrane før McFadden i mål. Andrea Erskau vart nummer tre.

«Herlighet», var Mariann sin første kommentar etter gulløpet. -Ibeskriveleg. Eg klarer ikkje å skjøne kva som har skjedd. det er mest uverkeleg, fortsette Mariann i samtale med Nrk1-reportar Ole Rolfsrud. 

-Eg merka at eg hadde større fart enn dei andre, og då fekk eg trua på at det kunne gå. Men jammen var McFadden seig på slutten, kommenterte Fitjarjenta, som Nrk1-reportarane stadig feilaktig seier er ifrå Stord.

Knallhard jobbing
Etter Paralympics for seks år sidan, då ho tok bronse i symjing, har det vore knallhard jobbing. -I det siste har eg idretten hatt toppprioritert. Difor smakar denne sigeren spesielt godt. Dette betyr svært mykje. Det er rett og slett ein darum som er blitt verkelegheit!, sa Mariann vidare i intervjuet. Ho òg takka «alle heime, støtteapparatet og trenaren». Ho skrytte òg over gode ski.

Rørt trenar
-Trenar Torbjørn Broks Pettersen var så rørt etter sigeren til Marian at han måtte ha ein ørlita pause før han kunne kommentere gullet.
-Me har jobba hard i tre og eit halvt år for dette, og eg må få takka mannen hennar Hermund for at eg har fått låna ho så lenge.