Eit eldre huset i Skålavikjo var gull verd i dag, ikkje som bustadhus, men som røykdykkingstrening for brannvesenet.

Huset som var klart for riving vart i staden brent kontrollert ned av Fitjar brannvesen som i tillegg fekk svært verdifull røykdykkingstrening. Huset brann ikkje heilt av seg sjølv, dei måtta ha hjelp av både paller, disel og bensin for å få gang på røyken og flammane. Nokre gamle, tørre kjøkenskuffer var og til hjelp når det skulle lagast til bål inni huset. I løpet av dagen vart huset tent på og sløkt mange gongar, før det til slutt var overtent og vart kontrollert brent ned av Fitjar brannvesen. Leiar for øvinga var brannsjef Tore Nesbø, og han og resten av mannskapet sa seg svært godt nøgd med øvinga. «Me hadde brannøving i eit tilsvarande hus i Levåg for ein månad sidan, og slike øvingar er gull verd for oss», sa Trond Henriksen, som er røykdykkar i det lokale brannvesenet. Slike øvingar er viktig både for å få trening i røykdykk for oss som er røykdykkarar og for å trena opp nye røykdykkarar. Denne dagen øvde dei seg på varmdykk med søk etter person. Nok ein gong klarde dei å redda ut «Kari», som har fleire liv enn katten og som overlevde denne øvinga og.

Mange skodelystne tok turen forbi Skålavikjo denne fine vårdagen for å sjå på brannen. «Dette er det største bålet me nokon gong har sett», strålte tre små gutar som foreviga hendinga med eigne digitalkamera. «Det ser heilt ekta ut», sa dei vidare med store auge. Og ekte var det, så absolutt. Me høyrde det knitra, det lukta brent, røyksøyla kunne sjåast lang veg og me som såg på kjende me vart godt varme i kjakane, og misunte ikkje mannskapet som skulle inn i varmen. Heldigvis hadde dei spesialklede for denne typen jobbar, og oksygenflasker på ryggen, hjelmar og masker. Ikkje ein einaste flik av bar hud var synleg. Om det skjer, då svir det då, forklarde dei erfarne røykdykkarane.

Ni mann frå Fitjar brannvesen var i sving i øvinga, og fekk med det verdifull trening i å venna seg til å gå inn i røykfylte, brennande hus.  Me har ikkje mange husbrannar på Fitjar, men mannskapet har vore med på røykdykk i «ekte» husbrannar. Då er det viktig at ein har gjort dette nokre gongar og er van med det, sa den erfarne røykdykkaren Johan Nilsen.

Er det nokon andre som har hus dei vil kvitta seg med, er det berre å gje beskjed til brannvesenet, for mannskapet ynskjer seg endå meir trening. Litt kostar det eigarane å kvitta seg med huset på denne måten, men langt mindre enn det kostar å riva det. Og som naboane sa, om det at dei øver her kan gjera at dei kan redda eit liv ein gong, så er jo det flott.

Utpå ettermiddagen var det berre grunnmuren og pipa som stod att på branntomta.