Tone Brakedal vann både 60 meter og lengde under innandørs KM i Åsane i helga som var. Nok ein gong viste Tone sine gode konkurransenervar og fighter-eigenskapar ved å vinne både 60 m (8,51) og lengde med 4,60 m i innandørs KM som gjekk av stabelen 25. og 26. februar i den nye innandørshallen i Åsane. Begge resultata er like bak hennar personlege rekordar.

På sin andre 60 m hekk nokon gong, og etter forholdsvis lite trening, sprang ho også inn til sølvmedalje med tida 10,45. Med litt terping på starten vil ho også her truleg kunne truge vinnaren neste gong.

Elles sette Ådne Vik ein flott personleg rekord. 1,45 m i høgde heldt til ei imponerande sølvmedalje i klasse gutar 14 år! På 200 m fekk han tida 30,8, som heldt til 4.-plass.

Bror Markus sprang 200 m i klasse gutar 12 år og kom inn til 5.-plass med tida 38,2.