I går kveld kom 12 karateungdommar frå Fitjar heim frå Bergen med 13 medaljar etter JKA Cup i karate.

Ein fornøgd Sukhwinder Koløen fortel om strålande karateinnsats av disiplane hans i juniormeisterskapen i Bergen.

Det var påmeldt heile 205 juniorar til juniormeisterskapen i Bergen, så fitjarfolket har all grunn til å vera stolt over innsatsen sin.

Dei kapra heile sju gull, to sølv og fire bronse, fortel Sukhwinder til Fitjarposten.

Det blei konkurrert i kumite (kamp) og kata (mønster), og her kjem dei imponerande resultata for Fitjar Karate Senter:

Rebecca Koløen: Gull kata, gull kumite.
Adrian Halleraker: Gull kata, gull kumite.
Jedrek Rutkowski: Bronse kata, gull kumite.
Morten Korsvik: Sølv kata, bronse kumite.
Alexandra Maraas: Bronse kata.
Jonas Forland: Sølv kata, bronse kumite.
Katarina Maraas: Gull kata, gull kumite.

Me gratulerer med den flotte innsatsen.

 

Ingressbilete: Stolte karateungdommar med medaljar i Bergen. Foto: Privat.