Småbarnstreff koste seg i skogen i Rimbareidfeltet siste onsdag før påske, med grilling og koking av egg på bål.

For tiande gong inviterte babysong og småbarnstreff til koking av påskeegg og grilling av pølser i skogen før påske. Etter ni gongar på oppsida av hovudvegen samla dei seg i år i kommuneskogen på nedsida av vegen, der det tidlegare låg ein campingplass. Etter at kommunen har felt alle sitkagranene der er det blitt meir ope og lysare, og det var store haugar med greiner som det var kjekt både å gøyma seg under og å klatra oppå.

Egga vart kokt i gryta på bål, og med litt løkskal i kokevatnet fekk alle egga ein fin, gul påskefarge. Alle hadde med seg pølser. Nokre svei pølsene svarte medan andre ungar likte dei best kalde og lufta dei berre så vidt ein snartur over bålet. Uansett så smakte alt godt i skogen.

Sola skein og det var god stemning rundt gruene. Ungane fann mykje kjekt å leika med, og fekk visstnok besøk av både Kaptein Sabeltann og andre meir eller mindre skumle figurar. Mødrene koste seg med kaffi, kakao eller te i koppen og skravla om alt det som opptek småbarnsmødrer flest.

Tida gjekk snart, båla brann ned og det var ein motvillig flokk med ungar som måtte innsjå at det var tid for å gå heim.

Babysong og småbarnstreff har to samlingar igjen før dei tei tek sommarferie. Siste vanlege innetreff er onsdag 27. april. Det vert så avslutting med utetreff på leikeplassen ved bedehuset onsdag 4. mai.