Årets fyrste guida tur i Kulturløypa på Fitjar er i dag.

Oppmøte er ved Fitjar Fjordhotell. Derifrå vil turen gå til Håkonarparken, Kongsbrunnen, Kyrkja og Rimsvarden. På turen får ein innblikk i Fitjar si spanande kulturhistorie.

Det vert guida turar kvar onsdag i Kulturløypa i heile sommar, fram til 14. august. Pris kr 50,- pr person, barn under 12 år gratis.