2. pinsedag samla rundt 120 personar seg til gudsteneste ved Svartavatnet.

Med nytt lydanlegg var alt lagt godt til rettes for at i år skulle alle frammøtte få med seg det som vart sagt under gudstenesta, sjølv om lokalet var stort. Vel hundre personar kara seg oppover langs vegen frå Vassverket til Svartavatnet, i tillegg til at nokre hadde skyss opp, i vogn eller kjerre, på eige køyretøy eller dei fekk bilskyss oppover. 2. pinsedags-gudsteneste ved Svartavatnet har etter kvart vorten ein god tradisjon, og friluftsgudstenesta er eit samarbeid mellom kyrkja på Fitjar og Stord-Fitjar turlag.

Sidan begge prestane på Fitjar hadde gyldig fråfall denne dagen var det Roald Drønen som var liturg og som stod for preika. «Pinse handlar om å tru», sa Roald.  «Det handlar om å kasta seg utpå. Det er ikkje slik at ein treng bevis for å tru. Når ein trur då ser og forstår ein bevisa. Trua er ingen prestasjon, den kjem frå Gud, når me opnar opp.» Av mangel på orgel og organist på fjellet var det fire kornettistar som stod for allsong-akkompagnementet. Kornettane bar godt ute i naturen og dei unge musikkantane klarde fint å leia allsongen.

Då gudstenesta var over fekk det nye lydanlegget mykje skryt, skryt som gudsteneste-deltakarane gjerne vil formidla vidare til kyrkjeringen som har skaffa den nye høgtalaren med trådlaus mikrofon. «Det var nesten så me høyrde altfor godt», vart det sagt i ettertid.

Etter ein rask kyrkjekaffi, anten eigen medbrakt eller frå turleiar Ellen Vestbøstad si korg, tok det til å bli kaldt og tid for å tenkja på heimturen. Veret hadde vore brukbart så langt, men no sette nokre regndråpar i lufta fart på oppbrotstemninga. Nokon tok den flotte omvegen over Beinatjørns-varden, medan andre tok strake vegen heim.  Det vart ikkje så mykje regn av dråpane i lufta  og dei aller fleste kom seg tørrskodd heim igjen.