Fitjar kyrkje vart utan straum under høgmessa i dag. -Det kan eg ikkje minnest har skjedd før, seier kyrkjeverje Harald Johan Sandvik, til fitjarposten.no

Og då snakkar Sandvik sjølvsagt ikkje om tida før elektrisk straum vart innlagt.

-Eg trur nok det kan ha hendt i ein gravferd, eller ved ein vigsle, at straumen har vore borte, men at heile høgmessa har vore utan straum, kan eg ikkje hugse har skjedd, seier han.

Gudstenesta med nærare hundre besøkjande, med nattverd og dåp, vart likevel gjennomført fullt og heilt, men med ein del ekstra utfordringar for både prest, tekstlesar og organist.

Når det ikkje er straum i Fitjar kyrkje virkar verken mikrofonar eller orgel, og kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu starta difor gudstenesta med å be folk trekkje så langt fram i kyrkja som mogleg, for at dei skulle få med seg det som vart sagt. Og dei fleste følgde oppfordringa.

Organist for denne anledninga var unge Lars Gunnar Solsvik, som hadde teke på seg å vikariere som organist denne søndagen, og som hadde vore til Fitjar dagen før for å prøva orgelet. Så måtte han spela piano i staden. -Men det gjekk greitt, eg spelar eigentleg mest piano, og så gjorde me det enkelt med både preludiet og postludiet, smiler han.

Tekstlesar Leif Sigurd Larsen har rik erfaring frå store roller både i Håkonarspelet på Fitjar og i Mostraspelet, og er van med å snakka til store forsamlingar utan mikrofon. Det fekk han god nytta av no. Om nokon ikkje fekk med seg alt i preika, fekk dei i alle høve med seg tekstane.

Og det heile gjekk svært bra. Vesle Henrikke vart døypt, mange søkte fram til nattverdbordet – og salmesongen lød både fulltonande og bra, slik som vanleg er i Fitjar kyrkje.