Det er blitt ein god tradisjon med utegudsteneste under Fitjarfestivalen!

Søndag føremiddag var det gudsteneste frå scenen på Sjøsio, og folk møtte opp og fylte benkene. Det var om lag 220 personar på kaien då sokneprest Olav J. Oma ynskte velkomen. Fitjar Ad Hoc Ensemble med Gurid Refvik, Harald Rydland, Heine Helland, Martin Hatlevik, Steinar Vik og Ole Christian Ottestad stod for musikken. Gurid Refvik og Olav J. Oma var forsongarar til salmane.

Rett før gudstenesta tok til, såg det ut for at regnet var slutt. Men – dessverre – det kom meir dogg ovanfrå, og svært mange flytta inn i matteltet for ikkje å bli gjennomvåte. Dei som var igjen ute, var utstyrte med regnklær og paraplyar og trassa alt det fuktige som dryssa ned frå himmelen. 

Preiketeksten var frå evangeliet etter Johannes, kapittel 4, forteljinga om då Jesus møtte den samaritanske kvinna ved brønnen utanfor byen hennar. Olav skildra situasjonen i Samaria: Ein lærar snakka ikkje med damer. Mannen snakka heller ikkje med kona si utanfor huset. Kvinna ved brønnen hadde levd slik at folket i byen ikkje ville ha noko med henne å gjera. Difor gjekk ho åleine.

Her bryt Jesus alle reglar. Han er komen for å setja oss fri frå menneskereglar og synd. Kvinna ved brønnen vart frigjort frå alt gamalt og gjekk inn i byen for å fortelja kven ho hadde snakka med. Folket hennar høyrde på henne, og dei møtte Jesus og tok imot det han lærte dei! I byen Sykar ligg framleis Jakob sin brønn til minne om det som skjedde den dagen.

Takkofferet i gudstenesta, kr. 12.749, gjekk til kyrkjelydsprest-stillinga.