Kulde og snø skaper både glede og bry. Litt meirarbeid vart det då sokneprest Olav Oma og medhjelparane laut stelle til gudsteneste på Fitjar bedehus grunna for låg temperatur i kyrkja. Men dei var glade for å ha eit så godt alternativ til møtelokale.

Gudstenesta starta med ein lang prosesjon der dåpsfølgjet gjekk først og dinest kom gutar og jenter berande med flagg frå minst ti misjonland der NMS har si teneste. Flagg-borga som vart ståande framme var eit tydeleg symbol i høve Borna sin misjonsdag. Born frå Tysdagsklubben i Øvrebygda var også aktive som forsongarar og med i tekst-lesing. Dei fire små borna i kvite kjolar med blå eller rosa sløyfe, vart etter tur døypte i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Soknepresten leia gudstenesta og formidla dagens tekst slik at born og vaksne kunne forstå at Jesus tilgir syndene våre når me legg dei ned ved korset.

Mykje folk var samla til preik denne søndagen.