I samband med 100 års-jubileet for Speidarrørsla i Noreg, markerte fitjarspeidarane seg på gudstenesta i Fitjar kyrkje i dag.

Sokneprest Olav J. Oma tala eit språk speidarane forstod ved å ta utgangspunkt i forteljinga om St. Georg sin kamp mot dragen, og sa mellom anna at me òg har ein kamp mot ein drage (Djevelen). Denne kampen har  Jesus har vunne for oss, og vi får del i sigeren ved å ta imot Han.

Etter gudstenesta var det opptak av nye speidarar i Fitjar KFUK-KFUM Speidargruppe.

Dei som vart tekne opp var: Renate Tverderøy, Sunniva Moldestad Oma, Ingvild Moldestad Oma, Thor Sundal, Arild Sørensen Dalsgård, Torkel Nesbjørg, William Vørus Eriksen og Kristina Kobberstad. Marianne Kjærland skal også bli tatt opp som speidar, men var ikkje tilstades idag.

Johanne Fangel Brekke, Siren Oppedal og Sigbjørn Tverderøy ønskte dei nye speidarane velkomne i speidertroppen.

(Hanne Larsen, Siri Landa og Maria Rydland er òg med i speidaren, men var ikkje i kyrkja i dag.)

Speidarane har møte annankvar onsdag.

- Annonse -

Gruppeleiarar er Sigrid Fangel og Leif Sigurd Larsen.